Lurer du på noko?

Her finn du oversikt over våre mest stilte spørsmål. Finn du ikkje svar på spørsmålet ditt - ta kontakt med oss!

Er medbrakt mat og drikke lov?

Det er ikkje lov med medbrakt mat og drikke i Sunnfjordparken

Vi har eit godt og stort utval av både mat og drikke i Flipp og Flopp`s Kafè der mange rettar kan være både gluten- og laktosefrie

Må ein ha trampolinesokkar?

I Spretten trampolinepark må alle ha på seg trampolinesokkar med antiskli for eigen sikkerheit

Vi sel eigne Sunnfjordparkensokkar i resepsjonen for 39,- om du ikkje har frå før av. Desse kan brukast fleire gonger så sant antisklibelegget er intakt og sokkane ikkje har hol

Har parken aktivitetar for alle aldrar?

Ja – det har vi!

0-4: For born mellom 0-4 år har vi gratis Minileikeland utanfor Hurlumehei leikeland. Som føresatt eller vaksen over 18 år følgjer du gratis inn. I tillegg har du god oversikt over Minileikelandet frå sofaene frå kafèen. 

3-18: Hurlumhei Leikeland passar for born og vaksne mellom 3-18 år. Jo lenger opp du kjem i leikelandet, jo kjekkare blir det for dei som er litt eldre. Er du over 18 år går du inn gratis i følgje med born under. 

6-100: Spretten Trampolinepark passar for born mellom 6-100 år. Her er det trampoliner og utfordringar for alle aldrar. 

Kva skal foreldra gjere medan borna leiker?

  • Slapp av i kafèrområdet
  • Sit i 2. etasje med utsikt over Spretten trampolineland
  • Nyt stillheita eller arbeid på PCen på Loungerommet vårt i 2. etasje – adgang forbudt for born

 

Må eg bestille eigen billett for å vere med ungane mine på aktivitetane?

  • I Hurlumhei leikeland er vaksne over 18 år i følgje med born gratis. Vi oppfordrar vaksne til å vere med bornet inn første gongen slik at dei føler seg trygge og slik at du som forelder har oversikt over kvar bornet ditt oppheld seg om noko skal skje. 

 

  • I Spretten trampolinepark har du mogelegheit til å opphalde deg utan billett om du held deg på golvet, og ikkje er aktivt med å hoppar. Då må du hive på deg sklisikre sokkar og få på deg eit armband 🙂
    • På hektiske dagar ynskjer vi gjerne at det er kun dei med billett som oppheld seg på trampolinene slik at trampolinevaktene har mest mogeleg oversikt over hoppande gjestar.

Kva er aldersgrensa for at born kan vere i parken aleine?

Du kjenner ditt born best.

Ungar kan vere hjå oss aleine frå når du som forelder meiner dei er klare, men då på eige ansvar. Gje oss gjerne beskjed i skranken og ver sikker på at bornet ditt har telefon og ditt nummer lett tilgjengeleg om uhellet er ute.

Born i Sunnfjordparken er til ein kvar tid foreldre sitt ansvar.

Kan eg bestille billettar i døra eller må eg bestille på førehand?

«Drop-in»-besøk er sjølvsagt mogeleg, men dette avhenger av tilgjengeleg plass. 

I Spretten trampolinepark har vi kapasitet på 55 hoppande gjestar i timen. For å vere sikker på at du får plass og slepp ekstra ventetid når du kjem kan du reservere billettar på nettsida vår

Kjem du ein regnværsdag kan det være lurt!

Kva kle bør borna gå kledd i?

Når ein er i høg aktivitet er det fort at det blir varmt – kle dykk gjerne i komfortable, lette klede.

I Hurlumhei leikeland anbefalar vi born å gå kledd i langerma gensar og bukse for å unngå brannsår og liknande som kan oppstå i skliene i leikelandet.

demo-attachment-309-emergency_call_1

KONTAKT OSS

+47 948 58 525

MEIR INFORMASJON