Må eg bestille eigen billett for å vere med ungane mine på aktivitetane?

  • I Hurlumhei leikeland er vaksne over 18 år i følgje med born gratis. Vi oppfordrar vaksne til å vere med bornet inn første gongen slik at dei føler seg trygge og slik at du som forelder har oversikt over kvar bornet ditt oppheld seg om noko skal skje. 

 

  • I Spretten trampolinepark har du mogelegheit til å opphalde deg utan billett om du held deg på golvet, og ikkje er aktivt med å hoppar. Då må du hive på deg sklisikre sokkar og få på deg eit armband 🙂
    • På hektiske dagar ynskjer vi gjerne at det er kun dei med billett som oppheld seg på trampolinene slik at trampolinevaktene har mest mogeleg oversikt over hoppande gjestar.